
Batman: Gotham Knight
Mens andre storkosar seg med The Dark Knight må eg nøye meg med animert film rett på DVD. Batman: Gotham Knight er den tredje filmen ut i serien DC Universe Animated Original Movies og består av seks mindre historier frå tidsepoken mellom filmane Batman Begins og The Dark Knight. Desse historiene har både ulik teiknestil og er basert på arbeidet frå fleire menn med maskemannen, deriblant manusforfattar David S. Goyer frå Batman Begins.
Det interessante med Batman: Gotham Knight er dei mange ulike vinklane Batman som myte og person blir angripe på, noko som gjer at alle historiene i lag blir til noko meir enn berre tilfeldig samansette kriminalforkjemparane heltebragder. Det er eit visst mørkt preg over dette, om ikkje så elegant utført som på dei ekte filmane eg har sett. Likevel er avstanden til typen animasjon frå Cartoon Network så stor at dette ikkje kan kallast barnefilm, sjølv om ein ung gut nok ville fryde seg over spenningssekvensane ville det vesentlege i forteljingane forsvunne.
Dei seks historiene blir mindre enn summen av delane for Scott Mendelson på Mendelson’s Memos (scottalanmendelson.blogspot.com). Han meiner dei fungerer betre kvar for seg og finn både enkel dialog og action som ikkje engasjerer nok, sjølv om Deadshot er eit klart høgdepunkt. Eg har større glede av dei ulike perspektiva i lag. Variasjonen i blikket på Batman gir meg noko meir å hente enn berre seks nye omgangar med kjende skurkar.
Animasjonen er varierande, i blant veldig tøff, andre gonger mindre spennande å legge merke til, men heile tida passande med mørke farger. Lengda på 75 minuttar er ikkje eit minutt for kort. Eg kan ikkje gå god for at denne glir godt inn før The Dark Knight, sidan eg ikkje har sett han. Men eg får nok ut av filmen som etterfølgjar i tidslinja til Batman Begins. Dessutan er det litt spennande at animasjonsfilmen aldri prøver å gå under huda på verken Bruce Wayne eller Batman.
