
Beyond Re-Animator
Med den tredje filmen i Re-Animator-serien, Beyond Re-Animator, blir me vitne til korleis ein sprø forskar med dei rette midlane tilgjengeleg kan snu eit fengsel på hovudet. Herbert West igjen altså.
Beyond Re-Animator er like svak som Bride of Re-Animator, den andre filmen i Re-Animator-serien. Svak som i at det ikkje er noko spesielt å hente. Separert frå trilogien er dette verdt null, noko eg også vil påstå om toaren.
Eg såg Beyond Re-Animator tilbake i 2003, og han gjorde ikkje noko inntrykk den gongen heller. Skodespelarane, forutan Jeffrey Combs, er blanke for talent. Jeffrey Combs er ikkje det største talentet sjølv, men har alt som trengs for å spele sprø forskar. Blikket hans er eit av dei kaldaste, og fyren kunne gjort det godt som psykopat kor som helst. I auga hans skin det gjennom at her berre er ei tørst etter å prøve ut alt som trengst for å få betre resultat.
Jeffrey Combs er òg det som held filmen nokolunde oppe for Ewan Gleadow på Cult Following (cultfollowing.co.uk). Han meiner dei nye personane gir lite, og at filmen mest prøver å hente liv frå minna om dei tidlegare delane. Det stemmer godt med inntrykket mitt av kor avhengig denne er av serien rundt seg. Herbert West er framleis til å kjenne igjen, men det er ikkje nok til å gi resten noko særleg verdi.
