
Bride of Re-Animator
Bride of Re-Animator kom fem år etter Re-Animator. Herbert West (Jeffrey Combs) og Dan Cain (Bruce Abbott) er i ein militærleir godt utanfor USA, der forsøka om å gjere døde levande fortset.
Heilt i frå første minutt er det klart at denne filmen ikkje vil innehalde noko nytt. Dialogane er blitt skikkeleg rare, spesielt i den romantiske delen av filmen. Rollefigurane er meir karikerte, om mogleg.
Når me etter kvart flyttar oss tilbake til sjukehuset frå den første filmen, får dei to besøk av ein politietterforskar i privat ærend. Han finn ut at Herbert West (Jeffrey Combs) stadig rotar med døde.
Historia her er verkeleg tam, og likevel om eg ikkje klarer å sette fingeren på kva, så er noko av magien frå Re-Animator borte.
Dave Giannini på InSession Film (insessionfilm.com) finn meir å like i romantikken. I omtalen av ei ny utgåve meiner han dei to kjærleikshistoriene gir filmen ei retning midt i blodet og galskapen. For meg er nettopp dei romantiske dialogane noko av det som verkar rart. Me får altså ulike resultat av det same grepet, og eg saknar framleis magien frå den første filmen.
