
Blue Velvet
Eg saknar Twin Peaks, den gode stemninga de første sesongen sette meg i, som første halvdel av andre sesong klarte å halde gåande, men som eg etter kvart mista. Ikkje alle vil følge meg i den retninga, men eg gjekk trøytt når David Lynch blei for pågåande med mystikken sin.
Blue Velvet er ganske fin. Han har ein del av sjarmen som eg fann i Twin Peaks, kanskje ikkje så prega, men passeleg for denne filmen å vere. Mystisk og litt rar er han og, utan at eg synest dette legg noko slør på å kunne følge og ikkje minst forstå gangen i handlinga.
Det går fint an å følge mysteriet utan å få tak på alt det merkelege rundt det. Tommy Girard skriv på Tommy Girard (tommygirard.wordpress.com) at filmen fungerer svært godt som ei mysterieforteljing, sjølv med David Lynch sitt uvanlege tempo og uttrykk. Han peikar òg på at løysinga er nokså konvensjonell, medan opplevinga sit att etterpå. Det er kanskje noko av balansen eg likar her. Handlinga gir meg noko å halde i, medan stemninga får vere ekkel og rar.
For han er ekkel, rar, spennande og nervepirrande. Same stemning som i Mulholland Drive
Den fine balansen David Lynch har funnet her, som eg tykte han hadde i Twin Peaks, gjer at eg nå blei ganske så forelska i Blue Velvet.
