Hopp til hovedinnhold
Plakat for Casanova (2005)

Casanova

Film
2

I utgangspunktet hadde eg aldri tenkt å sjå denne filmen, etter å ha blitt utsett for ein dårleg filmtrailer, og også høyrt meir negativt enn positivt om han. Men når Huo Yuanjia endå ikkje var å finne i postkassen, så blei det denne i staden, i filmkveldsamling med venner.

Og i ettertid angrar eg i grunn ikkje. Filmen var langt i frå den beste eg har sett, men likevel ikkje direkte dårleg heller. Det vil seie ein middels film. Grunnane til at eg tykte dette er ikkje mange, men ganske enkle å oppsummere.

Oliver Platt som Paprizzio, og inntrykket av at han storkoste seg i denne rolla. Heath Ledger er ein skodespelar som eg ikkje klarer å ta seriøst, men den avslappa stilen hans passar perfekt på storsjarmøren Casanova. Og alt oppstyret og forvirringane rundt kven som er kven gjer dette til ein morosam nok film. Det var i grunn det som skulle til for å trekke denne opp på middels. Ingen total bortkasting av tida med andre ord.

På Inside Pulse (insidepulse.com) får Heath Ledger ros for å vere sjarmerande, men skribenten meiner figuren ikkje skil seg særleg frå andre romantiske hovudpersonar. Sienna Miller gir meir særpreg til filmen i hans auge. Eg finn nok sjarm i den avslappa framføringa, Oliver Platt og alle forvekslingane til at dette blir grei underhaldning. Me treng ikkje vere samde om kven som løftar mest for å lande på at ein nokså vanleg komedie likevel kan fungere.