Hopp til hovedinnhold
Plakat for Huo Yuanjia (2006)

Huo Yuanjia

Film
4

I Huo yuanjia går Jet Li bort frå det kunstnariske uttrykket i Yīngxióng og den amerikanske typen slåstfilm frå Unleashed. Han vender tilbake til typen filmar eg først kjende han frå, filmane hans frå tidleg på 1990-talet.

Huo yuanjia, som på engelsk heiter Fearless, er ein fin balansert film med fokus på god slåsting og godt drama. Filmen er ikkje lengre enn 1 time og 40 minuttar, men klarar likevel å servere ei godt fortalt livshistorie, sett i mine auger. Dette kan sjåast i at det ikkje blir spedd på med overdådige naturbilde, likevel om det nok er meir av det her enn det eg hugsar i frå Wong Fei Hung-trilogien.

Av slåstscener unngår regissør Ronny Yu flygande dragar, men gir oss heller god film-wushu. Kanskje ikkje heilt naturleg det heller, men heller vaierar enn dataanimasjon. Sidan eg elles likar denne type film, og her får det både godt produsert og utan dubbing, så må det blir dobbelt tommel opp.

Stefan S på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com) meiner bodskapen om respekt og ansvar får plass utan at kampane taper kraft. Han rosar korleis Ronny Yu lèt rørsler og vaierarbeid kome til sin rett, men synest midtpartiet med sjølvransaking blir vel langt. Eg opplever balansen meir positivt. Filmen gir meg både dramaet og slåstscenene eg er ute etter, utan at den relativt korte livshistoria kjennest hastig fortald.