Hopp til hovedinnhold
Plakat for Charlie Bartlett (2007)

Charlie Bartlett

Film
5

Smarte og rare Byrd Huffstodt frå Huff, Anton Yelchin som han eigentleg heiter, har tatt det verkelege spranget frå tv til å lande hovudrolla i Charlie Bartlett på kino. Dei som har sett Huff kjenner han som den intelligente, men framleis barnelege sonen til psykologkarakteren til Hank Azaria frå serien som velta over av kjente og briljante skodespelarar.

I Charlie Bartlett har Anton Yelchin teke på seg ei litt meir humoristisk prega rolle, men spelar framleis på å vere ei blanding av smart og framleis ungdom.

Etter å ha blitt kasta ut frå sin n-te privatskule er den einaste valmoglegheita til Charlie offentleg vidaregåande skule. For å få elevane til å like han startar han personleg rådgiving på toalettet og sel medikament til trengande, der definisjonen av trengande kan vere litt diffus. Etter kvar som populariteten stig får rektor auga opp for Charlie som ei urokråke og går hardt inn for å øydelegge skuledagen hans og dei som set han høgt.

Grunnane til at Charlie Bartlett er ein knakande god film er fleire, Anton Yelchin er perfekt i rolla som Charlie Bartlett, guten med glimtet i eine auge og ei seriøs mine i andre. Kombinasjonen Anton Yelchin og Hope Davis som spelar mora gir ein dødeleg god start som får den neste halvtimen til å verke morosam på alle moglege småting.

Utover det kjem stadig fleire sider til overflata og bidrar ved sidan av god humor å halde dette på et høgt nivå. Ved pianoet på det store godset til familien Bartlett, som fru Bartlett kallar det, kjem det innimellom klimpre- og songstunder. Desse er gull verdt som motvekt til den brå stilen til Anton Yelchin. Han kan vere like brå som mange av dei alvorlege poenga i filmen.

Der Ferris Bueller's Day Off tar delar av årsakene til populariteten til Ferris for gitt, går Charlie Bartlett innpå korleis Charlie som person skal kunne få folk til å like han og korleis han lykkast. Filmen har meir alvorlege sider som gir djupne utan å stele alt fokus, og den har ei enkel og effektiv kjærleikshistorie som heller ikkje trakkar i salaten på nokon som helst måte.

Charlie Bartlett fengar med tonesettinga, karakterane, musikken og humoren. Alle rollene blir spelte på upåklageleg vis. Filmen bygger seg også opp innanfor dei 90 minutta eg føretrekker i komediesjangeren. Eg fekk straks lyst til å sjå han igjen og kan ikkje anna enn å anbefale han vidare. Dette nokon dagar etter så eg utan å måtte tenke meg om lengre kan stå for mine ord.

Begeistringa er meir avgrensa på (A Nutshell) Review (anutshellreview.blogspot.com). Der får Anton Yelchin skryt for det slu uttrykket under den spinkle framtoninga, og Hope Davis er eit lyspunkt, men filmen manglar noko av sjarmen skribenten finn i Juno. Eg er meir overtydd av heilskapen. Nettopp blandinga av den smarte guten og den usikre ungdomen gjer humoren levande for meg, også når alvoret pressar seg fram.