
Citizen Kane
Det finst meir enn ein grunn til å sjå denne klassikaren. Gode poengsummar på filmsider, gode plasseringar i filmkanoner og gode anbefalingar av venner.
Eg har prøvd før å sjå filmen. Sist gong var vel for to år sidan, men eg gav opp veldig tidleg. Den gongen hadde eg ikkje underteksting, og det meste gjekk meg hus forbi. No hadde eg sjansen til å sjå filmen med teksting, så eg fekk faktisk med meg ting, og det var ikkje verst. Kulissene har sin sjarm, historia er veldig god, to timar var akkurat passe lengde. Alt fall på plass.
Svart-kvitfilmar kan skremme mange, meg og innimellom. Av dei svart-kvitfilmane eg faktisk har sett, så må dette vere ein av dei betre. Saman med filmar som Casablanca og The Man Who Wasn't There. Du kan skjønne at eg ikkje har sett så mange.
Eg er litt usikker på om eg fekk med meg heilskapen i filmen korrekt. Han handlar om ei slags uskuldig griskheit, og ein søken mot noko du aldri kan få? Rosebud er det her, og sidan Rosebud blei teken frå han i ung alder har han alltid jobba hardt for å få mest mogleg, som skal vege opp for tapet?
Rosebud blir knytt til tapet av barndomsuskuld på Queering the Closet (queeringthecloset.blogspot.com). Omtalen legg òg vekt på korleis bilda stadig gir nye brikker til forståinga av Kane. Det ligg nær tanken min om at han prøver å vege opp for noko som blei teke frå han. Samstundes treng ikkje eitt symbol forklare heile mennesket. Filmen kan vise fleire sider av han utan at alt går opp i éi enkel forklaring.
