Hopp til hovedinnhold
Plakat for Clear History (2013)

Clear History

Film
3

Larry David har skrive manus og er stjerne i den HBO-produserte filmen Clear History. Filmen omhandlar ein mann som har endra namn og flytta til ein liten stad, ettersom heile nasjonen gjer narr av han for å ha selt seg ut av det mest suksessfylte selskapet dette tiåret like før selskapet blei ein suksess.

Det går som det nesten må i ein film, han blir oppsøkt av fortida og gjer litt av kvart som følger av det.

Heile greia er bygd opp rundt ein typisk Larry David-karakter, med likskapar til hans framstilling av seg sjølv i Curb Your Enthusiasm. Mens det her ikkje er sett grenser for å halde det realistisk, så handlinga blir enda drygare.

Filmen er full av kjente og kjære skodespelarar, og kunne like gjerne ha vore ein kinofilm som den rett på tv-filmen han er. Men så betyr ikkje kanalen så mykje som han gjorde tidlegare heller, og film med god historie har ein tendens til å trekke mot andre kanalar enn kino.

Det tar likevel aldri heilt av, sjølv om Clear History stort sett er fornøyeleg, så tar han ein del enkle og banale val i historie og struktur som gjer at filmen blir ein gjennomsnittsfilm.

På A Mighty Fine Blog (amightyfineblog.com) meiner Edwin Davies at dei beste stundene kjem når Larry David får snakke seg bort frå hovudhistoria. Hemnplottet blir mest eit stillas for lause komiske innfall. Det forklarer godt kvifor eg finn mykje å more meg over utan at filmen tek av. Folka kan vere artige å vere saman med, men samanhengen mellom scenene gir ikkje moroa noko særleg ekstra.