Hopp til hovedinnhold
Plakat for Cocoon (1985)

Cocoon

Film
3

I namnet åt kort oppsummering, utanomjordiske vesen er på planeten vår for å hente heim slektningar av seg. Ei gruppe eldre menn oppdagar at bassenget blir brukt som mellombels lager for kapslane med skapningane. Sjølve er dei klare for gamleheimen, døden og det som verre er. No gjer bassenget dei spreke som ungdommar.

Cocoon er ein snill film, familievenleg og i det heile ein science fiction i retning Close Encounters of the Third Kind. På sitt beste byr han på fin, uskyldig humor, då gamle folk på film tydelegvis kan finne på mykje sprøtt. Det som handlar om dei utanomjordiske vennene våre leverer derimot ikkje gode nok varer, då dette er ein slapp gjeng som etter byrjinga av filmen aldri byr på særleg spenning.

No kan det hende at eg berre blei skuffa fordi jordkloten aldri blir sprengt i fillebitar, og fordi venskap og forståing er kjedeleg. Og sidan eg aldri forventa at det skulle skje, så er eg vel passe nøgd med kva Cocoon har å by på. Karakterane er likande personar og handlinga trår aldri i dei djupaste, sentimentale gropene, så den flotte atmosfæren blir mogleg å svelgje.

Det menneskelege er også det beste for Robert Horton på What a Feeling! (eightiesmovies.wordpress.com). Han rosar varmen og dei erfarne skodespelarane, medan romansen med eit utanomjordisk vesen interesserer han mindre. Han er meir begeistra for filmen som heilskap enn eg, men det er fint å sjå at me finn mykje av verdien på same stad. Dei likande menneska gjer denne verda triveleg å vere i, sjølv når science fiction-historia ikkje skaper særleg spenning.