
Consent
Dette blir det første innlegget som omfattar ein kortfilm på Filmdagbok. Kategorien har alltid vore her, men eg har sjeldan sett ein heil kortfilm og tenkt over at det har vore nettopp ein kortfilm.
Det som fanga meg med denne var derimot namnet Jason Reitman, som har hatt Thank You for Smoking på lerretet for ikkje lenge sidan.
Dessutan er filmen godt gjennomført. han har gode skodespelarar, er godt teknisk gjennomført og har ei morosam historie som du om ønskeleg kan legge meir i. Kort fortalt handlar han om to unge menneske som skal ha sex, men må ordne med eit skriftleg samtykke før dei gjennomfører akta.
Det er særleg dialogen som får ros av Andy Ferguson på Letterboxd (embed.letterboxd.com). Han meiner den enkle ideen blir gjennomført med mykje vidd, og trekker fram dei to advokatrollene som svært presist spelte. Dei unge hovudrollene er han meir skeptisk til enn eg er. Likevel møtest me i at Jason Reitman får mykje komedie ut av eit lite opplegg, utan at det treng å bli ein lengre film.
