Hopp til hovedinnhold
Plakat for Dai zek lo (2003)

Dai zek lo

Film
3

Kort pause i Katakombefilm før Dai zek lo eller Running On Karma som alle pausane denne dagen. Johnnie To gir oss ei sjangerblanding av ein film utan like. Kampsport, politifilm, overnaturlege krefter, grøssar, romantikk, religion, komedie. Utan klare skilje.

Den gode skodespelaren Andy Lau gjer hovudrolla i ei utruleg teit muskeldrakt. Så seint på dagen vart Dai zek lo i overkant av blanding, mot slutten heller slitsamt. Men han har kule slåstscener og er på ingen måtar einsformig. Berre litt rotete. Greia er at eg veit at Johnnie To kan lage betre, langt betre, film. Fong juk hadde eg stor glede av tidlegare i år.

Sjangerblandinga er sjølve styrken for Fred Ut, som skriv under namnet Gigaloff på Ain’t It Cool News (legacy.aintitcool.com). Han rosar både humoren, dei korte kampane og korleis filosofiske spørsmål får plass mellom alt det andre. Eg finn også mykje tøft i filmen, men opplever ikkje den same samlinga av delane. Mot slutten blir mangfaldet meir slitsamt enn rikt for meg, sjølv om det på ingen måte manglar påfunn.