Hopp til hovedinnhold
Plakat for Dangerous Curves (1988)

Dangerous Curves

Film
2

Det beste med Dangerous Curves er filmplakaten. Lettkledde damer, alpin ski, turkis handskrift. Sentrert rundt protagonisten, eksotisk i uttrykket, men framleis ein snev av kunstnarisk takka vere at det er ein illustrasjon.

Det nest beste med Dangerous Curves er rollebesetninga. Den tyske varianten av filmplakaten, der filmen går under Dangerous Curves, frontar filmen som ein Leslie Nielsen-film. Men komikaren har berre ei mindre rolle. Protagonisten er unge Chuck, spelt av Tate Donovan. Eg kjenner han best frå The O.C., men han har spilt i eit hav av filmar, gjort ei større gjesterolle i Friends, og var lenge med i Damages. I denne filmen er han ung og pliktoppfyllande. Han skal levere ein Porsche for sjefen, men bilen blir stolen. Og han og vennen Wally (Grant Heslov) må oververe ein skjønnheitskonkurranse for å ha ein sjanse til å få bilen tilbake.

Filmen kunne ha vore enklare, men ikkje mykje. Dangerous Curves er stort sett så rett fram som du kan få det. Sol, sand, billeg humor og lite substans er pakka inn i ei kjærleikshistorie som verken har gnist eller motstand.

Dette er filmen du ser dersom du er glad i det dårlege, og glad i det enkle 1980-talet på film. Men sjølv då er det ikkje spesielt kjekt.

Heather på Mutant Reviewers (mutantreviewersmovies.com) blei også lokka av ein plakat som gav Leslie Nielsen langt større plass enn rolla hans skulle tilseie. Ho sit att med ein film som verken er god eller dårleg på ein underhaldande måte, berre lett å gløyme. Eg kjenner igjen den kjensla. Ei fin innpakking og nokre kjende ansikt hjelper lite når sjølve komedien manglar både liv og motstand.