Hopp til hovedinnhold
Plakat for Die Hard 2 (1990)

Die Hard 2

Film
4

Ikkje ein dårleg film, men ein nedtur i frå den første er det. Den innesperra kjensla frå første filmen er borte til fordel for ein stor open flyplass. Det blir ikkje som vår helt, John McClane, er i den same konstante faren.

Filmen klarer elles å vere komisk, både som i direkte morosam og harry, og blir derfor ikkje totalt bortkasta tid. Det veg nok opp til at han blir grei.

Bruce Willis serverer stort sett det same som i Die Hard, men det blir litt repetisjon som ikkje alltid er så spennande.

Gjentakinga irriterer også skribenten på For Reelz (benforreelz.blogspot.com). Der blir særleg vitsane om at det same skjer igjen trekte fram som ei svakare erstatning for den skarpe humoren i den første filmen. Nokre actionsekvensar fungerer likevel. Me hamnar ganske nær kvarandre i vurderinga. Eg finn nok moro til at filmen blir grei, men det hjelper lite å kommentere kor velkjend situasjonen er når ho samtidig kjennest mindre spennande.