Hopp til hovedinnhold
Plakat for Doctor Sleep (2019)

Doctor Sleep

Film
4

Doctor Sleep er ein god film. Han har ei historie i botn som fengslar. På overflata er det mykje som skal appellere til enten fans eller dei som berre kjenner til ikoniske scener frå The Shining. Det kan bli litt i overkant. Det er vanskeleg å seie om filmen står godt på eigne bein, eller støttar seg på kvalitetar frå The Shining. Men eg visste ikkje noko om innhaldet på førehand, og hadde berre forventingar til at dette var ein god film. Og eg likte han.

Eliza Janssen på Rough Cut (roughcutfilm.com) meiner dei kjende bileta frå The Shining ikkje får den same krafta her. Samstundes ser ho ein meir omsorgsfull film, med rom for kjenslene til menneska som ber på traumet. Eg er meir fornøgd med heilskapen, men dette er eit interessant skilje. Historia kan fengsle på andre måtar enn dei ikoniske scenene filmen låner.