
Død snø
Død snø mørknar til omtrent like mange gonger som han glimtar til. Lydkvaliteten er superb, og bildekvaliteten nesten like bra. Dei mørke scenene utandørs er spennande, og Bjørn Sundquist si vesle rolle sender gode bølger langt utover i filmen. Dei andre mannsrollene er svake, mens dei på kvinnesida til samanlikning byr på godt skodespel.
Framdrifta og handlinga er innanfor sjangeren og forventningane mine lite å utsette på. Tommy Wirkola si tolking av dei levande døde nazistzombiane feilar så grufullt mykje, dei fungerer verken i samanlikning med den tradisjonelle zombien eller som ei fersk tolking.
Filmen kunne også gjort seg betre med litt mindre humor.
Nazizombiane er tvert imot eit av lyspunkta på Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com). Han finn meir slektskap med dei hemnande skapningane i The Fog enn med dei vanlege zombiane, og har stor glede av den ville splatterfinalen. Det gir ein annan inngang til det som ikkje fungerer for meg. Me ser begge teknisk dugleik, men han finn den uhøgtidelege moroa der eg heller skulle hatt mindre humor og meir fungerande grøss.
