
Drillbit Taylor
Gjennom åra har fleire samansetningar av skodespelarar blitt kalla packs, me har Rat Pack, Brat Pack og Frat Pack. Er Judd Apatow senter for den nye store packen? Fleire populære engelskspråklege filmbloggar skriv om dette. Eg stiller meg derimot kritisk ettersom Judd Apatow har gått veldig mykje ut til sidene med å produsere framfor berre å samle kameratane sine framfor kamera i komediar.
I Drillbit Taylor finn me han igjen på produsentsida. Seth Rogen dukkar ofte opp i samband med det Judd Apatow gjer, og har vore med på manuset her. Framfor kamera er det derimot få kjende utanom Owen Wilson. Han høyrer, eller høyrde, til Frat Pack saman med mellom andre Ben Stiller og Will Ferrell.
Siste året har det derimot vore snakk om at Frat Pack som det brukte å vere ikkje eksisterer lengre, trass i at nokon av dei i gjengen har det med å spele inn i film i lag. Diskusjonen får bli utsett til ein annan gong.
Drillbit Taylor skor seg på namnet til Owen Wilson, men to små ungar står eigentleg i spissen for handlinga. Dei og den udugelege vennen eg aldri ser poenget med å inkludere, minner mistenkeleg mykje om gutane i Superbad. Superbad er ein annan film som involverer Seth Rogen på manussida og Judd Apatow som produsent, men som også har fleire kjent ansikt frå tidlegare Judd Apatow-arbeid på skjermen.
Problemet er at gutane i Drillbit Taylor aldri er morosame, dei framstår som bleike kopiar med ein feit, ein tynnare og ein übergeek, samanlikna med Superbad-gjengen. Owen Wilson ror lett i hamn plassen som skuldra å støtte seg på i filmen, med sin vante og avslappa spelestil, utan at det gjer filmen til ein nemneverdig sterk komedie. Drillbit Taylor luktar gjennomsnittleg heile vegen, iallfall nesten heile vegen. Eit lite søkelys mot mobbing og unnastyring av dei verste stereotypane trekk det litt opp og eg finn meg sjølv i å trekke på smilebandet eit par stader, men dessverre altfor få.
Gutegjengen fungerer betre for (A Nutshell) Review (anutshellreview.blogspot.com). Der kjem dei morosamaste stundene nettopp frå praten mellom ungdommane, medan Owen Wilson blir sittande fast i ei mindre interessant kjærleikshistorie. Det er nesten motsett av mi oppleving. Eg ser dei same tydelege spora frå Superbad, men finn ikkje nok liv i etterlikninga, og endar med å lene meg meir på den avslappa spelestilen til Owen Wilson enn på dei han skal hjelpe.
Det Drillbit Taylor manglar er karakterar med meir djupn, større talent på skjermen som kan utfordre i staden for å trekke ned Owen Wilson. Den leverte historia er til dels grei nok, litt føreseieleg sett i retrospektiv, men undervegs kurant nok. Problemet mitt er kanskje at eg stadig sat og hadde trua på betre og haldt ut dei 110 minuttane på grunn av dette, for eg lét meg aldri underhalda så altfor masse, berre midt på treet.
