
Emmet Otter's Jug-Band Christmas
Emmet Otter's Jug-Band Christmas er ein tv-film med The Muppets frå 1977. Basert på ei barnebok frå 1971 og filmatisert av Jim Henson med mindre kjente The Muppets-figurar i rollene.
For meg er det ikkje eit ekte julefilmmaraton utan The Muppets. Søken etter ein film som kan avlaste den beste av dei alle, The Muppet Christmas Carol frå 1992, blir trappa opp att kvar adventstid.
Emmet Otter's Jug-Band Christmas fyller ingen sko. Filmen skuffar litt fordi eg forventa Kermit, Miss Piggy og dei andre kjente. Dette kjem av dårleg forarbeid. Sett forbi eiga urimelegheit er historia grei. Det handlar om ein fattig familie på to, og korleis dei kjem seg langt på vilje og evna til å glede seg over det enkle. Ikkje overraskande er det flust av songnummer. Dei fleste er sjarmerande eller flotte.
Eg kom over vonbrotet. Emmet Otter's Jug-Band Christmas er ein kort og flott julespesial. Sjølv om han aldri er ekstraordinær og heller ikkje er meir enn tidsfordriv.
Det varsame tempoet blir nesten for roleg for skribenten på The Mere Mention (meremention.wordpress.com). Samstundes meiner han musikken og kaoset rundt talentkonkurransen gjer dette til ein fin julespesial. Det passar godt med mi eiga oppleving etter at forventingane var justerte. Filmen treng ikkje dei kjende figurane for å ha sjarm, sjølv om han heller ikkje blir noko stort for meg.
