
Empire Records
Når ei gruppe menneske samlast på film, på eit avgrensa område i ein avgrensa tidsperiode, resulterer det gjerne i ein film som er rik på dialog.
Butikkfilm, som Empire Records er, er eit forsøk på å sette namn på ein slik type film som går føre seg i og rundt ein butikk, gjerne i løpet av ein dag.
I Empire Records skal dei tilsette i ein platebutikk kome seg gjennom ein dag med celebert besøk, personlege problem og overhengande fare for at butikken blir seld.
Det skjer eit par artige saker undervegs, men i det store og heile manglar Empire Records nok humor. Det blir prøvd, men framstår som overflatisk. Nok til å le litt av, men ikkje sånn at eg sit igjen med kjensla av å ha sett noko skikkeleg morosamt.
Det blir sånn med dramaet også. Personlege problem er synlege på overflata, og me ser effekten utover, men dei små hinta til årsakene er ikkje nok til å gjere det truverdig. Det er mangel på motivasjon eller logikk, og eg synest heller ungdommen overreagerer enn noko anna.
Grant Watson på FictionMachine (fictionmachine.com) ser også mykje som er overflatisk og konstruert, men finn stor glede i rollebesetninga og dei enkelte stundene kvar skodespelar får. For han blir filmen eit sjarmerande uttrykk for både det ekte og det produserte ved 1990-talet. Eg kjem ikkje like langt. Når dei personlege problema får så lite å kvile på, blir heller ikkje dei gode innslaga nok til at eg verkeleg bryr meg.
Dommen er så: Filmen har langt igjen til den heller anbefalte High Fidelity, som bygger historia si i liknande rammer, men Empire Records er likevel grei tidtrøyte.
