Hopp til hovedinnhold
Plakat for Escape from New York (1981)

Escape from New York

Film
4

Escape from New York. Tittelen åleine er svært spennande. Han gir oss eit innblikk i kva filmen handlar om, og får oss til å stille spørsmålet. Kvifor skulle nokon ville flykte frå New York?

Spørsmålet blir sett lys på ganske tidleg i filmen, då det blir gjort klart at Manhattan, etter ei massiv kriminalauke i 1988, blei stengt av og gjort om til eit ope fengsel.

Ni år etter. Snake (Kurt Russell) er på veg inn i fengselet, men får eit ultimatum i siste liten. Ein redningsaksjon som omfattar å komme seg usett inn og ut igjen på 23 timer.

Så er det berre for meg å liste opp fleire namn. John Carpenter leverer god regi og musikk. Framstillinga av 1997 er ikkje så ulik framtidsvisjonen i The Warriors, men me slepp dei fargesprakande kostyma. Isaac Hayes er bandeleiar i fengselet, ein person tilpassa den einaste spelestilen Isaac Hayes har. Harry Dean Stanton, Ernest Borgnine og Lee Van Cleef er andre namn som er med.

John Carpenter har klart å skape eit mørkt og skite Manhattan i ein elles spennande film. Forvent ingen spektakulære spesialeffektar, men eit veldig komplett miljø.

Lisa Marie Bowman på Through the Shattered Lens (unobtainium13.com) meiner vekta på karakterar og atmosfære er ein fordel framfor store effektar. Det er lett å kjenne igjen i dette mørke Manhattan. Eg treng ikkje at byen skal bli vist fram gjennom stadig større øydeleggingar når miljøet allereie kjennest så komplett. Skodespelarane og stemninga gjer mykje av arbeidet.