Hopp til hovedinnhold
Plakat for Eye for an Eye (1996)

Eye for an Eye

Film
2

Eye for an Eye er ein thriller frå 1990-talet med Sally Field i hovudrolla. Ho er ei vanleg kvinne med jobb, ho er mor til to barn og lykkeleg gift.

Så skjer det noko med eldste dottera som styrer livet i ei ny retning.

Utan å gå meir inn på det spesifikke med handlinga så tenker eg å dele eit par tankar på meir overordna nivå.

Sally Field er både truverdig, men òg litt irriterande å følge som hovudrolle. Filmen har eit alvorleg tema og kunne ha vore ubehageleg. Men det renn eigentleg vekk i sanden, fordi alt er litt kjedeleg framstilt og filmen brukar lang tid.

Pluss at eg kunne sjå for meg retninga filmen tok ganske tidleg, og hadde rett. Det er ikkje alltid det betyr så mykje for ein film, men i denne så er det å ikkje vite alt som skjer vesentleg for om filmen skal vere spennande.

Den tydelege retninga er òg eit problem for Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com). Han meiner at historia er rigga for å få publikum til å godta hemnen, framfor å undersøke dei moralske spørsmåla. Eg reagerte mest på at spenninga forsvann, men perspektivet er interessant. Når filmen styrer alt mot eitt svar, blir det lite rom for både uvisse og ettertanke.

Kiefer Sutherland sin prestasjon er eit stort pluss. Eg har sett han i mykje, og i seinare tid som president i Designated Survivor. Men sjølv om han er så kjent ansikt for meg, så trur eg på han her. Trass i at karakteren hans nærast er ein karikatur.