
Feel the Beat
Dansefilmen Feel the Beat på Netflix er ein underhaldande og enkel konkurransefilm om ein gjeng taparar som evnar å reise seg.
Eg visste lite til ingenting før eg byrja å sjå filmen. Det verka som ein lystig og glad film om dansing, men at det var ein barnefilm i retning av The Mighty Ducks og så mange andre filmar var eg ikkje klar over. Men det betydde lite, for denne enkle oppskrifta gir rom for resten av innhaldet i filmen til å blomstre. Gitt at filmen er god.
Og Feel the Beat er ein god film. Ikkje best, men bra på både dansing, humor og ikkje minst korleis han tek seg god tid i å bygge opp og brette ut forteljinga. Her forventa eg meir hastverk, men filmen veit å utnytte og fordele seg godt over ein time og femti minuttar.
Tida filmen brukar, blir opplevd litt annleis av Jack Linsdell på BIG SCREEN, small screen (jackthefilmcritic.blogspot.com). Han meiner starten gjer det vanskeleg å bry seg om April, men at Sofia Carson og ein betre andre halvdel etter kvart vinn han over. Me endar på mykje av same vurderinga av ei fin familieoppleving, sjølv om eg set større pris på den rolege oppbygginga.
Alt i alt var Feel the Beat den gode opplevinga alle filmar burde klare å vere. Han er ikkje ekstraordinær, men det forventa eg heller ikkje.
