Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Mighty Ducks (1992)

The Mighty Ducks

Film
3

Det må eg seie, til å vere Disney, familiefilm, sportsfilm og helst for barn, så gjekk dette som smør på glatt is. Eg vil gjere eit forsøk på å samanlikne han med Bad News Bears fritt etter minne.

Trenaren er Gordon (Emilio Estevez) versus Buttermaker (Billy Bob Thornton). I utgangspunktet mislikar dei ungar sterkt. Buttermaker held vel lenge på denne haldninga samanlikna med Gordon, som raskt blir den beste vennen og trenaren for barna, i beste Disney-stil.

Laget, ungane som ikkje gjer det beste på bana, verken på isen eller grasmatta. Det store spørsmålet er kvifor ungane spelar når dei er så dårlege, det er jo ikkje kjekt å tape heile tida. The Ducks er ikkje dei verste eg har sett, og kjem fort inn i ein god rytme med litt lagånd og ein trenar som forstår dei. Bad News Bears er heilt på trynet, og burde aldri ha fått røre ei baseballkølle.

Motspelarane, her i form av Hawks (Ducks versus Hawks, enkel metafor). I Bad News Bears hugsar eg ikkje kva dei heitte, og det får vere det same. Eit av dei første laga me møter, og som klart vil bli motstandaren i skjebnekampen. Ein gjeng med bøller, viss trenar har ingen skruplar for kva som skal til for å vinne.

Utsidaren, den store Fulton Reed og den tøffe Kelly Leak. Naturlege talent på kvart sitt område, blir henta inn utover i filmen. Fulton er urealistisk hard med hockeykølla, Kelly var vel flink i det meste på baseballbana.

Elles er det den feite guten, gutejenta, nerden, talentet og dei andre vanlege spelarane i ulike variantar som går igjen i desse to filmane. Ulik sport, men dei er likevel så like. Bad News Bears skor seg på Billy Bob Thornton som alkoholikar og satsar kanskje på å trekke eldre publikum i tillegg. The Mighty Ducks er ein rein from rags to riches-film, i overført tyding, altså noko som from losers to winners-film. Han lykkast betre til det han er meint å vere enn Bad News Bears. Dette er ingen storfilm, men ein grei sjangerfilm.

Patrick Alexander på JumpCut Archive (jumpcutarchive.wordpress.com) er langt meir begeistra enn eg, men trekker fram noko av det same. Han meiner humoren og den oppriktige framføringa gjer denne historia om taparar underhaldande også for vaksne. Eg går ikkje så langt som å kalle han ein stor sportsfilm. Likevel fungerer dei velkjende typane og den forventa vegen mot betre lagånd godt nok innanfor rammene filmen set for seg sjølv.