Hopp til hovedinnhold
Plakat for First Daughter (2004)

First Daughter

Film
2

Innpakka med ei eventyraktig forteljarstemme gir First Daughter eit heller altfor romantisert bilde av tilværet til dottera til ein oppdikta president.

Målet med filmen var å finne ut om Katie Holmes kunne klare ein film på eigne bein. Ho leverer delvis ei god rolle som first daughter, men det blir aldri nokon sjanse å verkeleg vurdere det, for filmen i seg sjølv er noko drit. Så inntrykket mitt så lang er at, med unntak av Pieces of April, så har ikkje dama inne anna enn å spele Joey-liknande roller. Joey frå Dawson's Creek.

Problemet ligg også i kor omstendeleg historia blir fortald. Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner filmen stadig stoppar opp for å forsikre seg om at publikum har forstått poenget, medan overraskinga er lett å føresjå. Det gir lite hjelp til Katie Holmes. Når både romantikken og vegen fram til han er så føreseielege, blir det vanskeleg å skilje ein svak film frå det skodespelaren faktisk kunne ha fått til.

Det som gjorde at filmen ikkje var fullstendig uappetittleg var Michael Keaton i rolla som presidenten, i måten ansiktet og haldninga hans utstråla både autoritet, varme, farsfigur og litt mystikk.