Hopp til hovedinnhold
Plakat for Fon Tok Kuen Fah (2011)

Fon Tok Kuen Fah

Film
3

Eg blei observant på Pen-Ek Ratanaruang som regissør under visninga av Ploy på Kosmorama i 2008. Ploy var ein behageleg, men alvorleg film som eg likte, men som eg hadde problem med å sette ord på.

Eg følgde opp med eit par filmar til som bidrog til at eg har hatt Pen-Ek Ratanaruang i tankane sidan den gongen.

Det som fekk meg til å ta opp igjen regissøren var Headshot. Ein film som handlar om politimannen Tul (Nopachai Chaiyanam) som blir leigemordar. Tul blir skoten i hovudet og ser deretter alt opp ned.

Pen-Ek Ratanaruang tar tida til hjelp. Han køyrer på låggir gjennom store delar av filmen, men skrur takten opp under dei utprega actionscenene. Hopping fram og tilbake i tid gjer han utan store annonseringar. Det verkar forvirrande eit par gonger, men går snart opp at det betyr lite å vite kor på tidslinja me er. Pen-Ek Ratanaruang fortel det han vil når han tykker det er på tide å fortelje det.

Den oppstykka tidslinja blir tolka som ein del av opplevinga på Wise Kwai’s Thai Film Journal (thaifilmjournal.blogspot.com). Der blir det peika på at hoppinga held sjåaren like ute av balanse som hovudpersonen. Det er ein interessant måte å sjå dei forvirrande partia på. Me treng ikkje ha full oversikt heile tida for å følge ein mann som sjølv har fått verda snudd opp ned.

Eg legg altså ikkje skjul på at eg synest filmen fungerer. Både på låggir og høggir. Det er ein snev av mørk humor på toppen, eller så er det min mørke humoristiske sans.