Hopp til hovedinnhold
Plakat for Frágiles (2005)

Frágiles

Film
3

Etter å høyrt rykte om at denne filmen er blant dei betre av nyare filmar innan kategorien, sat eg meg ned i god tru om at denne skulle vere både underhaldande, og helst litt ekkel. Og det klarte han. Eg fekk ingen inntrykk om at han serverte det same driten som eg er van med frå eksempelvis Boogeyman og nyinnspelinga The Fog. Han minte meg derimot om asiatiske grøssarar i stemninga, ettersom han var meir gjennomtrengande enn det å spele utelukkande på skvetting.

Bortsett frå dette har eg på dette tidspunktet ingen fleire meiningar om filmen, anna enn at eg kom ut av det med ei positiv kjensle. Calista Flockhart leverte ei god rolletolking som innimellom overraska meg, som i ei scene der ho konfronterer Robert (Richard Roxburgh) og blir veldig anstrengt. Eg har aldri sett ein heil episode av Ally McBeal. Eit par halve fekk eg med meg då serien gjekk på TV 2. Eg har derfor ikkje noko klart bilde av Calista Flockhart som distre advokat, eller kva ho no spelte.

Stemninga får også mykje av æra på + Que Comics (masquecomics.blogspot.com). Skribenten meiner miljøet og den overordna historia er sterkare enn personane på papiret, sjølv om skodespelarane gjer ein god jobb. Han finn dessutan ei vending som gir filmen litt eigenart mellom velkjende spøkjelseshistorier. Det passar med at eg sit igjen med noko meir enn berre gode skvettingar. Det er den gjennomtrengande kjensla, saman med Calista Flockhart, som gjer opplevinga positiv.