Hopp til hovedinnhold
Plakat for Freddy vs. Jason (2003)

Freddy vs. Jason

Film
2

Eit unødvendig åttande etterslep i rekka av A Nightmare on Elm Street-filmar, der Freddy får hjelp og motstand frå Friday the 13th-karakteren Jason. Freddy vs. Jason er inkje meir enn ein rett fram slasher-film utan djupare motivasjon innan karakterutvikling eller historie enn å få handlinga til å gå framover.

Reine slasher-filmar er ikkje mi greie. Eg føretrekk grøssar framfor gørr. Freddy vs. Jason er ikkje i nærleiken av å vere skummel og klarar berre få meg til å hoppe i stolen litt, noko ein komedie lett kan få til viss ein person brått hoppar inn i bildet.

Regissør Ronny Yu har eg blanda forhold til, Huo Yuanjia med Jet Li var storarta, men her har han bidratt til lite meir enn å få filmen til å sjå bra ut. Det tekniske som lyd og bilde held høg standard. Greie skodespelarar har blitt bra nok utnytta. Men historia heng ikkje på greip.

Det største problemet eg har med denne, er oppbygginga. Her er det rett på sak frå starten, og eg blir fort lei. Spesielt kampane mellom Freddy og Jason er meiningslause. Fem sekund inn i kvar kamp veit eg at utfallet berre blir at produsentane får tappa lommeboka.

Kampane er det Tommy Durbin på The Blog of Lord Naseby (lordnasebyblog.blogspot.com) ventar på, medan han opplever ungdommane og omvegane i handlinga som eit hinder for moroa. Han ville gjerne hatt meir av sjølve oppgjeret. For meg er det nettopp dette oppgjeret som går tomt når det først kjem. Eg treng ei kjensle av at noko står på spel, ikkje berre to monster som kan halde fram med å slå laus på kvarandre.

Så korleis forsvare karakteren? Freddy er verkeleg vond. Jason har eg ingen forhold til frå tidlegare filmar, og framstår ikkje som anna enn ein rørande bautastein. Her er nokon skodespelarar eg ikkje nødvendigvis tykker at er dei beste, men likevel har eit forhold til gjennom tv og anna film, og synest er artig nok å følge med. Filmen lid aldri under av å sjå billeg ut heller. Slikt på plussida, og det andre på minussida, Freddy vs. Jason er eigentleg heilt midt på treet.