Hopp til hovedinnhold
Plakat for Friday the 13th Part VI: Jason Lives (1986)

Friday the 13th Part VI: Jason Lives

Film
2

Vennen vår frå Friday the 13th: The Final Chapter og Friday the 13th: A New Beginning får vere med her også. Igjen blir karakteren spelt av ein ny skodespelar. Filmskaparen klarar heller ikkje å bevare særleg mange likskapar. Jason er tilbake og byrjar verkeleg å ta av, frå her og utover blir gjennopplivingane villare.

Filmen tar for seg leirinstruktørar igjen, og har med politi som prøver å undertrykke legenda Jason. Morosamt er det at Crystal Lake har bytta namn til Forest Green for å understreke poenget til politimannen. Når namnet igjen er Crystal Lake i neste film finst det ingen grunngjeving for det.

Den stadig villare gjenopplivinga er ein del av poenget for The Breathing Dead (breathingdead.wordpress.com). Omtalen rosar filmen for å gjere Jason til ei tydeleg overnaturleg kraft og samstundes møte sjangerreglane med humor. Det er ein måte å få nytt liv i eit opplegg som alt har vore gjennom fleire rundar. Namnebytet til Forest Green verkar i alle fall nokså fåfengt når det er denne Jason politiet har å hanskast med.