
Friends: The Reunion
Friends: The Reunion er eit påkosta gjensyn med skodespelarane frå Friends, omtrent tjue år etter serien gav seg. 20 millionar amerikanske dollar skal denne HBO Max-spesialen ha kosta. Det er eit både godt og artig gjensyn, som trass i koronarestriksjonar har ein fin produksjonsverdi. Eg sit ikkje igjen med noko nytt, men tykker det er greit med eit gjensyn mange år etter eg sjølv såg serien. Det fungerer som ein rask og morosam påminnar til kva Friends er.
Det beste gjensynet kjem når skodespelarane sjølve får plass, meiner Aaron Phillips på But Why Tho? (butwhytho.net). Han likar dei ærlege minna og opptaka frå innspelingane, men synest kjendisgjestene tek merksemda bort frå vennegjengen. Det passar godt med kjensla av ein morosam påminnar. Verdien ligg først og fremst i å møte desse folka igjen, og ikkje nødvendigvis i å lære noko nytt.
