
Friends with Money
Denne filmen er kjedeleg. Det er som at eg har bladd opp ein episode av ein kva som helst dramakomedie frå tv. Det treng ikkje vere ein dårleg serie, men eit drama som gjer seg best som serie.
Det som gjer filmen kjedeleg er at han nesten ikkje har noko utvikling, men berre er masse sladdersnakk mellom venner og folk me ikkje har noko spesielt grunnlag for å interessere oss for. Mange andre filmar består stort sett av snakking på sett og vis og, som fleire av filmane til Woody Allen, men der er det eit høgare intellektuelt nivå i samtalane.
Nettopp praten får langt meir ut av seg på The Film Geek (thefilmgeek.blogspot.com). Skribenten likar filmen trass i lite handling, og ser kranglinga og dei overflatiske forholda som uttrykk for at figurane saknar nærleik. Det er ein rimeleg lesemåte, men han gir ikkje meg den interessa som trengst. Eg har lite å utsette på skodespelet, men samtalane opnar ikkje nok til at eg får lyst til å bli verande med desse folka.
Skodespelarane i filmen har eg ikkje noko å utsette på, dei gjer stort sett det dei kan. Sidan eg ikkje har nokon forhold til Friends så gjer Jennifer Aniston stort sett det greitt i dei filmane eg ser ho i. I denne filmen er ho den ugifte dama i vennegjengen. Ho har verken særleg mykje pengar eller ein god jobb, men klarar seg fint utan å klage stort. Klaginga ser ut til å vere meir vanleg i forholda til venninnene hennar, spelte av Frances McDormand, Joan Cusack og Catherine Keener.
Men det blir kjedeleg, og den fine slutten klarar ikkje rette opp det at det skjer veldig lite. No er det sikkert ikkje målet til filmen, og han skal ha eit pluss for at han har tatt avstand frå å vere ein typisk romantisk komedie i sitt forsøk, og har prøvd å skape noko eige.
