
Fuck Up
Den norske filmen Fuck Up er laga av Øystein Karlsen, som også var blant skaparane av serien Dag. Dette blir merka på skodespelarvalet, som også her inneheld Tuva Novotny, Anders Baasmo Christiansen og Atle Antonsen.
Eg har likt serien Dag godt, og Fuck Up stod på lista mi over filmar eg venta på i 2012.
Grunnen til at eg bygger opp med ei sånn innleiing er fordi eg blei svært skuffa over Fuck Up. Fuck Up er ikkje ein fullstendig fucked up film, men han er fuck.
Fuck Up er eit forsøk på ein krimkomedie i hurtig tempo, som også inneheld nokon thrillerelement. Då blir det eit problem når filmen verken er spesielt morosam eller spennande.
Kanskje tar Fuck Up seg sjølv for seriøst? Du kan gi eit nikk til Øystein Karlsen for å prøve å skape noko nytt med den same gjengen som var med i Dag. Men det må meir til. Når noko ikkje fungerer i Fuck Up, blir eg heller sittande og sjå kva som blei gjort betre i Dag.
Blandinga av krim, drama og svart komedie er nettopp det Joshua Chaplinsky meiner fungerer på ScreenAnarchy (screenanarchy.com). Han opplever sjangrane som ein heilskap og meiner skodespelarane verkar som vener med ei lang historie saman. Eg fekk mindre ut av både tonen og gjengen. Det hjelper lite at samspelet kan vere truverdig når filmen ikkje blir morosam eller spennande nok for meg.
