
Halloween H20: 20 Years Later
Etter nedturen Halloween: The Curse of Michael Myers er Halloween H20: 20 Years Later som gull å rekne, med omsyn til heile filmserien har faktisk denne scener som kjem på øvste del av lista over minneverdige augeblinkar.
Jamie Lee Curtis er tilbake og all handling frå Halloween III: Season of the Witch til og med Halloween: The Curse of Michael Myers har aldri skjedd.
Halloween H20: 20 Years Later er både eit friskt pust i serien og ein habil skrekkfilm. Spennande og grufulle scener veg opp for eit par upassande og halvkomiske scener. Josh Hartnett debuterer utan å prestere på topp, men er omtrent som alle andre i filmen del av den beste rollebestninga hittil. Filmen manglar derimot Donald Pleasence, som døydde tidlegare.
Ein enklare film kan vere eit framsteg etter alt rotet i oppfølgarane. På Signal Bleed (signalbleed.blogspot.com) blir det rosa at filmen igjen konsentrerer seg om personar me kan bry oss om, på flukt frå eit monster. Omtalen er meir lunken enn eg er, særleg til behandlinga av frykta til Laurie. Likevel peikar han på noko av grunnen til at dette kjennest friskt. Spenninga får plass når filmen skalerer ned.
