Hopp til hovedinnhold
Plakat for Harold & Kumar Go to White Castle (2004)

Harold & Kumar Go to White Castle

Film
4

Harold & Kumar Go to White Castle har utvikla seg til å bli ein film eg gjerne ser igjen. Stadig like morosam utmerkar marihuanaeventyret til to unge, svoltne amerikanarar seg som ein godbit i sjangeren sin.

Harold & Kumar Go to White Castle har dessutan skjulte og mindre skjulte referansar, samt både B- og C-kjendisar du stiftar kjennskap med mellom gjensyna av filmen, og får auga opp for. Viktige ingrediensar for denne type film.

Ei anna viktig side er at Harold & Kumar Go to White Castle held god balanse mellom realisme og surrealisme. Berre eit par scener blir for mykje av det gode. Men så er det jo ein komedie sterkt påverka av marihuana, så meininga er nok heile tida å utfordre publikum til fordel for humoren. Eg tykte ikkje dei overdreiv så altfor mykje som dei ofte har ein tendens til å gjere i slike filmar på ulike plan.

På The Projection Booth (projectionbooth.blogspot.com) blir John Cho og Kal Penn rosa for å spele det absurde utan å ta for hardt i. Omtalen meiner den enkle jakta på mat held filmen samla, sjølv når teknikken og realismen glippar. Det er interessant opp mot balansen eg likar mellom det vanlege og det heilt urimelege. Ein slik komedie treng ikkje sjå overtydande ut heile tida, så lenge personane og timinga får tøvet til å fungere.

Harold & Kumar Go to White Castle er alt som Dude, Where's My Car? skulle ha vore. Eg tenkte akkurat på det same. Begge er fine komediar. Denne så fin at eg etter å ha sett han før hadde lyst å sjå han igjen.

Akkurat som med American Pie er dette ein slik komedie som eg kan sjå opp igjen fleire gonger, hovudsakleg på grunn av si enkelheit vil eg tru. Potensialet for at denne filmen får ein oppfølgar ser eg ikkje på som usannsynleg heller. Håpet er at ein oppfølgar ikkje prøver for hardt å leve opp til denne filmen.

Det er ingen tvil, dette er ein av dei betre stoner-komediane. På mi liste, ein topp 10-kandidat i lag med American Pie, National Lampoon's Van Wilder, Dude, Where's My Car? og American Pie 2.