Hopp til hovedinnhold
Plakat for Harry Potter and the Chamber of Secrets (2002)

Harry Potter and the Chamber of Secrets

Film
3

Den andre Harry Potter-filmen kom ut eit år etter den første, og heitte Harry Potter and the Chamber of Secrets. Daniel Radcliffe, Rupert Grint og Emma Watson er tilbake som Harry, Ron og Hermione som byrjar på sitt andre år på Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry.

Harry blir av ukjente prøvd hindra å komme tilbake, men trassar dette. I løpet av tida tilbake på Hogwarts skjer det ei rekke uforklarlege ulykker, og Harry høyrer stemmer i veggane.

Lik den første filmen er også denne spennande, og det skjer mykje i kulissene som bygger opp til eit klimaks seinare i filmen. Eit kammer som nokon hittil ikkje har funne på Hogwarts, kan ha blitt opna, og på innsida finst ein trussel mot alle på Hogwarts som ikkje har 100 % opphav i tidlegare trollmenn og hekser.

Filmen er full av truslar, men serien har enda eit stykke igjen før han vert vaksen og skikkeleg alvorleg. Det er framleis ein del nyoppdagingar for Harry om verda til trolldommen, og dette bidrar til den eventyrlege sida av filmen, som er ei side eg set stor pris på.

Dave Harding på It’s a Dave Thing Blog (daveharding.substack.com) meiner oppfølgaren utvidar verda på naturleg vis, fordi filmen no kan gå djupare inn i stader og historie som allereie er introduserte. Han finn både mørkare mysterium og den gamle varmen på Hogwarts. Det er mykje av det eg likar også. Truslane er større, men oppdagingane held fram med å gi eventyret eit lyst og innbydande preg.

Vennskapen mellom Harry, Ron og Hermione har endå ikkje gått særleg djupt i filmane. Dei blei gode venner tidleg i Harry Potter and the Philosopher's Stone, men vennskapen har ikkje nødvendigvis blitt sett på prøve. Denne sida av Harry Potter-serien ser eg fram til etter kvart.