
Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 1
Det er klart for det siste året til Harry Potter (Daniel Radcliffe) på Hogwarts School for Witchcraft and Wizardry. Men den vonde trollmannen Voldemort (Ralph Fiennes) får stadig meir makt, og Ministry of Magics kollapsar. Det hindrar Harry, Ron (Rupert Grint) og Hermione (Emma Watson) i å byrje på skulen.
Dei legg heller ut på leit etter Horcruxes, som er gjenstandar med delar av sjela til Voldemort i seg. Ved å øydelegge desse vil Voldemort bli svekka, og han vil bli lettare å kjempe mot.
Denne første delen av dei to filmane som fortel siste kapittel i historia om Harry Potter, går eit i eit med flukt frå mørke makter, håplaus og slitsam tilvære, død og øydeleggingar. Det er den mørkaste av alle Harry Potter-filmane. Men oppi alt det mørke er det heldigvis like mykje karakterbygging, relasjonsbygging, drama og lun humor, som det er større actionscener.
Sett i samanheng med Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 2 er dette ei lang og komplett, men ikkje for dryg forteljing. Som film på eigne bein derimot er ikkje dette i toppsjiktet. Filmen bygger opp, men ventar gjerne til andre del før utbyttet blir levert. Så vurdert som ei sjølvstendig historie sluttar det litt for brått.
På Earl’s Blog Part 3 (earlsblog.wordpress.com) blir ventinga på neste del ei langt større innvending. Skribenten finn gode prestasjonar og vellaga action, men meiner for mykje av filmen er ei lang innleiing som aldri kjem skikkeleg i gang. Eg får meir ut av den slitsame reisa og banda mellom dei tre venene. Likevel kjenner eg igjen problemet når denne delen blir vurdert åleine, for mykje av utbyttet ligg framleis framfor oss.
