Hopp til hovedinnhold
Plakat for Hello Ladies: The Movie (2014)

Hello Ladies: The Movie

Film
3

HBO-serien Hello Ladies fekk sin oppfølgar og si avslutting i form av tv-filmen Hello Ladies: The Movie. Der eg var noko tilbakehalden på kva eg synest om Hello Ladies, fordi serien brukte si tid på å gjere seg varm, så set eg meir pris på filmen. Her skjer det meir, det er mindre flautt, og det er nok litt meir romantikk som strammar historia mot eit mål.

Stephen Merchant er skaparen til og frontfigur i serien. Han set sit britiske preg på framstillinga av ein ikkje akkurat A-lista person i Hollywood. Som i serien så drøymer han om å få innpass i dei meir eksklusive krinsane, og prøver å framstå som kulare og annleis enn han er. I motsetning til serien rekk denne filmen i si avslutting å ta opp denne sida ved personlegdommen hans. Og det er ein av tinga som gjer filmen verdt å sjå.

Mark Tinta på Good Efficient Butchery (goodefficientbutchery.blogspot.com) meiner også filmen gir Stuart eit truverdig høve til å sjå på seg sjølv, men saknar meir av den smerteleg kleine humoren frå starten av serien. Eg er meir nøgd med at denne sida blir dempa. Det gir rom for ei tydelegare utvikling, og for meg blir romantikken ei god avslutning på eit selskap det tok litt tid å bli varm på.

Det er vanskeleg å seie kva dette er utan serien i bakhand, og alt eg har formulert hittil er skrive basert på mitt totale inntrykk. På den måten er mitt forhold til filmen som om han var ein ekstra lang sesongfinale, og til det er det ein god episode.