Hopp til hovedinnhold
Plakat for He's All That (2021)

He's All That

Film
3

I 1999 kom She's All That, som handla om eit veddemål kor skulens kjekkas fekk i utfordring å gjere nerden til skuleballets dronning.

Litt over 20 år seinare er kjønnsrollane snudd om. I Netflix-filmen He's All That skal den populære jenta på skulen gjere ein litt rar type om til ein kjekkas.

Dette er som å sjå ein heilt grei kopi av ein tidlegare film. Det er lett underhalding med litt humor og romantikk. På nokre vis verkar filmen litt meir overprodusert enn originalen, mens på andre områder er det rom for meir tredimensjonale karakterar.

Nell Minow på RogerEbert.com (rogerebert.com) finn òg meir å like enn den velkjende handlinga skulle tilseie. Ho rosar hovudrolleparet og meiner filmen gir dei meir nyansar enn ein først ventar. Skiljet mellom offentleg sjølvframstilling og private interesser passar dessutan godt inn i denne oppdateringa. Det er ikkje nok til å gjere filmen original, men det gir den lette underhaldninga litt meir innhald.

Elles har filmen kurant popmusikk å by på. Og med låge forventingar, så er dette halvannan time med hyggeleg tenåringskomedie.