Hopp til hovedinnhold
Plakat for Hide and Seek (2005)

Hide and Seek

Film
3

At denne filmen har fått så svake vurderingar på IMDb kan eg ikkje forstå. Samanlikna med White Noise som eg såg for to veker sidan, så er han faktisk litt guffen. Men eg skulle likt å sett meir av karakteren Charlie.

Kanskje grunnen til dei dårlege vurderingane er at historia brukte ei stund på å bygge seg opp, og at Robert De Niro eigentleg ikkje imponerer særleg. Grunnen til at eg likte denne er at han skil seg frå vanlege Hollywood-filmar med oppbygginga. Eg visste ikkje heilt kor eg kunne forvente meg at ting ville skje.

Dakota Fanning, den unge jenta, er flink til å vere så ung. Og ho viser ingen teikn til å vere kunstig eller flink etter boka, som nokon unge skodespelarar er. Nokon er for vaksne i spelestilen, og det er irriterande. Barn er barn. Og Dakota Fanning klarar å spele barnet ho er.

Dakota Fanning er òg hovudgrunnen til å sjå filmen for skribenten på (A Nutshell) Review (anutshellreview.blogspot.com). Omtalen finn ei lovande oppbygging, men meiner vendinga blir lett å føresjå og at slutten dreg ut. Der skil opplevingane våre lag, sidan eg nettopp ikkje visste kva eg kunne vente undervegs. Men me er samde om at den unge hovudrolla overtyder. Når barnet verkar truverdig, blir det òg lettare å godta uvisse rundt det som skjer.