
Hotel Chevalier
Hotel Chevalier, ein kortfilm og eit forord til The Darjeeling Limited, er ei kort innsikt i Wes Anderson som regissør. Korleis han brukar musikken, symbolikken i detaljar og miljø og karakterar som ikkje nødvendigvis lempar kjenslene sine på kvarandre i eitkvart høve.
To personar med ei fortid møtes igjen på eit hotellrom i Paris. Det er tydeleg at dei tykker om kvarandre, likevel har dei skilt vegar tidlegare. Årsaka blir her overlate til sjåaren å tenke ut, enten åleine eller gjennom gangen til The Darjeeling Limited.
Då eg såg Hotel Chevalier første gong, fekk stemninga meg til å revurdere interessa for Wes Anderson. The Life Aquatic with Steve Zissou hadde tidlegare sett meg på bakfoten. No fekk eg verkeleg lyst til å sjå The Darjeeling Limited.
Kortfilmen kan også stå på eigne bein. I ei vurdering på The Short Films Blog (shortfilmsblog.blogspot.com) blir det peika på at ein ikkje treng kjenne The Darjeeling Limited for å forstå møtet på hotellrommet. Skribenten kjende heller ikkje trong til å sjå spelefilmen etterpå. For meg vart reaksjonen motsett. Den vesle innsikta i forholdet og stemninga rundt det gjorde meg nysgjerrig på kva meir Wes Anderson hadde å by på.
