
The Darjeeling Limited
Darjeeling er eit område i India. Dit reiser brørne Francis, Peter og Jack Whitman (Owen Wilson, Adrien Brody, Jason Schwartzman) for å finne seg sjølve og kvarandre. Eldstemann Francis styrer opplegget med planar om ei spirituell oppleving.
Forholdet dei tre i mellom er smått anstrengt i mangelen på tillit, handlinga går føre seg eit år etter døden til faren, noko dei endå er prega av. Francis har nyleg køyrt motorsykkel i ein fjellvegg, Peter går med faren sine briller sjølv om han får hovudverk av dei og Jack har flytta til Europa for å komme vekk frå alt og alle.
Turen gjennom India utviklar seg etter kvart til å bli noko anna enn Francis forventa. Det er kanskje ikkje den største overraskinga for publikum at planen om å oppleve tempel og lære og stole på kvarandre, kanskje går i vasken, men Wes Anderson legg aldri skjul på at han berre har valt ein annan veg mot same mål for karakterane sine.
Måten Wes Anderson gjennom heile filmen vel å avslutte episodar før forventingane er oppfylt, utan å definere gangen på førehand, kjem tydeleg fram når Jack les høgt frå ei historie han har skrive slutten, men ikkje starten på. Dette fungerer også som er ei sterkare tilknyting til Hotel Chevalier.
Måten alt i både Hotel Chevalier og The Darjeeling Limited er knytt saman på, kjenner eg som signaturen til Wes Anderson. Symbolikk i fargar og gjenstandar, utprega kameraarbeid, skodespelarane og valet av musikk er andre kjenneteikn ved filmane hans. Det er sider eg har lært meg å verdsette, og som absolutt er til stades i The Darjeeling Limited.
For min del overgjekk denne forventingane mine og eg sette pris på at varmen i filmen kjem fram mellom alle detaljane og avstikkarane Wes Anderson har valt å trekke fram.
Detaljane treng heller ikkje stå i vegen for menneska. Sophia Patfield på The Film Magazine (thefilmagazine.com) meiner at fargar, miljø og komposisjon nettopp blir brukte til å framheve karakterane. Ho les filmen som ei kjensleladd reise gjennom sorg. Det samsvarar godt med varmen eg finn mellom alle avstikkarane. Den tydelege stilen til Wes Anderson gir plass til brørne sine problem, sjølv når dei sjølve har vanskeleg for å vise kjenslene.
