
Hugo
Martin Scorsese er ein av dei beste regissørane dei siste tiåra. Han har talent og kan verkeleg yrket sitt. Spesielt gangsterfilmane hans er i det øvre skiktet. Filmar som GoodFellas, Casino og Raging Bull er verdt å sjå.
Med Hugo så har han forflytta seg til barnefilmen. Også her leverer han varene. Det er fargerikt og morosamt. Filmen gir eit godt bilde av byrjinga til kinoen og dei første filmane. Alt fortalt gjennom augo til eit barn som bur på togstasjonen i Paris, Frankrike.
Filmen er både lærerik, ein god barnefilm og ein hyllest til tidleg filmhistorie presenter av Martin Scorsese.
Frederick Cholowski på Fred’s Review Blog (fredsreviewblog.blogspot.com) meiner hendingane på togstasjonen nesten blir ein liten stumfilm i seg sjølve. Han likar at dei skaper undring og komikk samstundes som historia tek seg tid til personane. Det er ei fin side ved måten Martin Scorsese nærmar seg filmhistoria på. Hyllesten blir ikkje berre noko me får forklart, men også noko som pregar sjølve barneeventyret.
