Hopp til hovedinnhold
Plakat for Il mio nome è Nessuno (1973)

Il mio nome è Nessuno

Film
3

Sergio Leone har produsert og Tonino Valerii har regissert Il mio nome è Nessuno.

Filmen er meint å vere eit motsvar til useriøse spaghettiwesternfilmar, som har henta inspirasjon frå C'era una volta il West.

Med seg i sentrale rollar har dei Trinity-stjerna Terence Hill og Henry Fonda frå overnevnte C'era una volta il West.

Filmen er ei god blanding av seriøs western og komedie. Måten filmen skil seg ut frå tidlegare filmar på er ved å sette den seriøse og klassiske karakteren til Henry Fonda opp mot den yngre Terence Hill som er vanskeleg å plassere i ein meiningsfull posisjon.

Christopher Lloyd på Captain Critic (captaincritic.blogspot.com) tykker òg at filmen er underhaldande, men blir uviss på kva karakteren Nobody eigentleg vil. Han rosar Terence Hill sitt nærvær og dei umoglege, men imponerande påfunna i kampane. Det liknar den merkelege plasseringa eg kjenner på mellom den yngre mannen og Henry Fonda sin klassiske pistolhelt. Komikken treng ikkje vere heilt logisk for at møtet skal bli interessant.

Sett forbi tankane bak dei som laga filmen, så er denne filmen for meg som ein vanleg filmpublikummar ei rikhaldig oppleving. Han blandar mange grep, refererer til andre filmar eg har sett innanfor sjangeren. Han held stort sett den gode driven oppe heile vegen, og var ein artig sak å følge opp Trinity-filmane med.