
Incredibles 2
The Incredibles kom i 2004. Oppfølgaren Incredibles 2, er altså 14 år seinare ute. Dette er lang tid, og det er omtrent så lang tid sidan eg såg den første filmen. Kva som har skjedd før var derimot ikkje noko viktig for å få glede av Incredibles 2, som er ein godt laga Pixar-film som står stødig på eigne bein. Det kunne nesten ikkje bli på noko anna vis, viss filmen skulle fungere for eit nytt publikum.
Denne filmen handlar om ein familie der alle har superkrefter. Han handlar og om ei verd der mange andre har superkrefter. Men det å bruke superkreftene sine til å gjere heltehandlingar er ikkje lov. Det heng forsåvidt på greip med tanke på at politiet er dei som skal ta skrukar. Soleis er superheltar ein form for borgarvern. Men dette går ikkje filmen så nøye ut på.
I stundene då det ser som mørkast ut for framtida til familien vår, vil ein rik forrentningsmann sette i gong ein kampanje for å legalisere superheltar igjen. Og dette vil han ha familien med på. Med dette gir eg meg på handlingsreferatet, for resten handlar om det som skjer etter dette valet. Og det blir ikkje plankekøyring.
Incredibles 2 blandar topp animasjon med retroinspirasjon og noko eg beste kan kalle agentfilmpreg. Musikken er viktig for sistnemnde. Det er mykje fart og fantasi, og komedie har sin sentrale plass i dette. Samtidig er det Pixar me snakkar om her, og då stikk gjerne handlinga litt djupare. Så her er det litt drama også, utan at dette blir filmen der seriøs tematikk er mest utprega.
Tuesdays with Cory (tuesdayswithcoryblog.wordpress.com) rosar også kombinasjonen av action, humor og Michael Giacchino sin jazzmusikk. Samtidig meiner skribenten det høge tempoet stundom gir for lite rom til dei meir kjensleladde augneblikka. Det passar med at eg ikkje opplever dette som Pixar på sitt mest alvorlege. Farten er mykje av gleda, men han set også grenser for kor djupt filmen kan gå.
Det er ikkje så mykje meir å seie enn at filmen føyer seg inn i den lange rekka av gode Pixar-filmar. Ikkje den beste, men langt frå den dårlegste heller.
