
Invaders from Mars
Invaders from Mars minner meg om Invasion of the Body Snatchers, men kom faktisk tre år før. Frykta for at folk rundt oss skal bli tekne over av noko framandt, verkar å vere ein tanke som låg nær i samtida.
David MacLean (Jimmy Hunt) ser eit romskip lande i nærleiken av huset hans. Faren går ut for å undersøke. Då han kjem tilbake, er han annleis, og guten får stadig større vanskar med å vite kven han kan stole på.
At me følger ein gut, gir filmen eit enklare preg. Eg likar han, men blir også oppteken av avgrensingane i produksjonen. Når tankane mine går dit, er det nok fordi historia ikkje fengar så godt som eg skulle ønske.
Samuel Port meiner på Blueprint: Review (blueprintreview.co.uk) at dei tydelege kulissane kan bidra til eit draumeliknande uttrykk. Samtidig peikar han på tregt tempo og mykje innklipt militærmateriale. Han er meir villig til å tilgi dei svake sidene. For meg blir dei litt for synlege undervegs.
