Hopp til hovedinnhold
Plakat for Jin yan zi (1968)

Jin yan zi

Film
3

Jin yan zi er ein slags oppfølgar til Da zui xia. Golden Swalllow er ei ung kvinne som er dyktig innanfor kampsport.

I Jin yan zi har ho blitt skada i byrjinga, og får hjelp til å komme seg igjen. Omtrent i det ho er frisk og rask, byrjar ein mann å drepe skurkar og legge igjen hennar kjenneteikn på åstadane. Dette gjer at mange skurkar leitar etter ho for å ta hemn.

Det er inga kopling mellom historiene i Jin yan zi og Da zui xia, berre same skodespelar som spelar den same karakteren. Det er i og for seg greitt. Slåstinga er det viktigaste her, og den er fin å sjå på.

Historia er litt søkt. Handlingane som blir utført manglar ein fornuftig logikk. Og historia blir berre drygare utover i filmen. Motivasjonen til dei ulike karakterane er vanskeleg å forstå. Det er mest ei farty for å komme til andre slåstscener, men øydelegg litt. Eg får inntrykk av at filmen kunne ha gitt seg etter ein time, men han held fram i tre kvarter til. Mot slutten var eg lei.

Det beste med filmen er slåstinga. Det er sjeldan eg ser så mange drap i ein film. Kampsportmeisterane her er overlegne. Når den beste av dei svingar sverdet kan han drepe opp til fem eller ti stykker på ein gong. Og slikt er kult å sjå på film.

Michael S. Moore på Kiai-Kick (kiaikick.com) meiner kampane er betre koreograferte enn i Da zui xia, og rosar særleg den store sluttkampen. Han finn elles filmen god utan å rekne han som eit høgdepunkt. Eg er meir oppteken av kor lenge historia blir trekt ut. Men me er samde om at slåstinga er det sterkaste, og at den valdsame overmakta kan vere fascinerande å sjå.

Mens Da zui xia var ein god film, vil eg rangere Jin yan zi som ein svakare ein, utan at eg gjer forskjell i rangeringstalet eg har gitt dei to. Ingen av dei er konkurrentar til å kjempe om plassen for topplasseringa blant Shaw Brothers Studio-filmar eg har sett. Trass i at eg sjølv fann desse to filmane på toppen av nokon andre si sånne liste.

Den engelske tittelen er Golden Swallow.