Hopp til hovedinnhold
Plakat for Justice League vs. Teen Titans (2016)

Justice League vs. Teen Titans

Film
3

Justice League vs. Teen Titans er ein heilt grei film. Men det er ikkje så mykje slåsting mellom Justice League of Teen Titans her.

Batman er som vanleg irritert på Damien Wayne, sonen sin. Årsaka er grunngitt i ein tidlegare DC Universe Animated Original Movies-film, men i denne fortalte historia blir det ikkje grunngitt, og det blir tynt.

Introduksjonen til Teen Titans er også heilt grei. Eg kjem ikkje under huda på kva som gjer dei bra, men får vite nok om kven dei er.

For lite tid med dei nye karakterane er også ei innvending hos Nasim Ali på Nasim Nas Ali (nasimnasali.wordpress.com). Han finn filmen grei, men meiner at den enkle strukturen og det store persongalleriet gjer at historiene er over før dei får utvikle seg skikkeleg. Eg fekk også vite nok om kven Teen Titans er, utan å kome særleg under huda på dei.

Hittil i denne filmsatsinga til DC kan eg mest anbefale Justice League-filmane Justice League: Gods and Monsters og Justice League: War. Resten når ikkje opp.