
Les vacances de Monsieur Hulot
I denne første Monsieur Hulot-filmen drar den mumlande mannen på sommarferie. Livet nær stranda i lag med andre snodige karakterar byr på humreverdige stunder og god stemning. Mykje takka vere ein melodi som går igjen.
Ei lest skildring av Monsieur Hulot som inspirasjon for Mr. Bean er ei god skildring på kva dette er. Tona ned i samanlikning, og meir klønete enn utspekulert. Men like fullt ein mumlande fyr som skapar oppstyr med si utilpassa tilpassing til omgivnadene sine.
Det er ikkje mykje handling eller tale i Les vacances de Monsieur Hulot. Stort sett er det observasjonar av ting som skjer spreidd over mange dagar, og som er komiske av natur.
Charles Matthews på Misfortunes of Imaginary Beings (charlesmatthews.blogspot.com) likar at Hulot er del av eit heilt galleri av rare feriegjester, framfor å bere alle vitsane sjølv. Han framhevar også kor mykje lydane tilfører dei små situasjonane. Det er nettopp heilskapen eg får glede av. Hulot skaper oppstyr, men verda rundt han er allereie så full av vanar, små gestar og pussig oppførsel at det stadig finst noko å humre av.
Om ein fransk tittel ikkje seier det så mykje, så kan eg informere om at den engelske tittelen er Monsieur Hulot's Holiday.
