
Loco por ella
På Netflix renn det utstoppeleg ut filmar av alle slag. I blant fangar nokon interessa, og Loco por ella var ein av desse.
Spanske seriar har blitt ei greie for meg dei siste åra, og som følger er også terskelen for å sjekke ut spanske filmar som heller mot det humoristiske blitt låg.
Loco por ella handlar om ein fyr som blir forelska i ei ung kvinne. Då han oppdagar at ho har røymt frå eit mentalsjukhus, sjekkar hans seg sjølv inn der.
Filmen er både ei litt fin og rar kjærleikshistorie, ein romantisk komedie på eit vis, og ei historie om å utvide horisonten sin. Stilen alt blir fortalt i er, i mangel på betre ord, veldig filmatisk spansk. Iallfall sånn eg har blitt kjent med spansk formidling på Netflix gjennom La Casa de Papel og ulike samarbeid mellom Gema R. Neira og Ramón Campos.
Bifigurane får særleg mykje ros av Hablando entre paréntesis (hablandoentreparentesis.blogspot.com). Skribenten meiner dei gir filmen liv og truverd, og blir meir rørt av nokre av historiene deira enn av hovudromansen. Det er ein fin måte å utdjupe det å utvide horisonten på. Filmen har fleire menneske å bli kjend med enn berre paret som set handlinga i gang.
Dette er ein film som gjer nytten sin godt som underhalding. Og kanskje er han akkurat ulik nok frå andre ting eg har sett, til at eg kan hugse han for ettertida. Men så mykje meir tilfører han ikkje til livet.
