Hopp til hovedinnhold
Plakat for Making a Living (1914)

Making a Living

Film
2

I Making a Living spelar Charles Chaplin ein arbeidsledig svindlar som brukar andre sine eigedeler for å nå fram sjølv. Blant anna ved å stele kamera til ein journalist, og levere frå seg nyheitsverdige bilder til redaksjonen som sine eigne.

Denne korte filmen frå 1914 går unna i høgt tempo, og eg måtte sjekke kva han handla om i skriftleg form etter kvart. Det er ingen tekstplakatar, og det er mange folk og mykje som skjer. Eg får aldri heilt taket på historieforteljinga, men merkar uansett at dette heng passe bra saman til å vere ein tidleg Charles Chaplin-film.

Der eg slit med å følge alle hendingane, ser skribenten på Century Film Project (centuryfilmproject.wordpress.com) ei meir gjennomarbeidd forteljing enn i Kid Auto Races at Venice. Omtalen trekker fram manus, varierte kameravinklar og stram klipping. Det er ei nyttig påminning om kva filmen faktisk prøver på. Eg får framleis ikkje heilt tak i historia, men kan sjå at mykje blir pressa inn i det korte formatet.

Nokre av sekvensane er artige i form å vere ekstreme. Effektane er slik at dette verkar meir ekte enn mykje av det som blir laga no. Ikkje at det betyr at alt er bra, men eg trur på at innspelinga av slike stumfilmar kan ha skada fleire folk enn ei filminnspeling i dag.

Mest ein kuriositet, mindre god. Det er det du får med Making a Living.