
Making 'The Shining'
The Shining er ein av dei mest kjente skrekkfilmane gjennom tidene. I denne 35 minuttar lange dokumentaren får me eit godt innblikk i korleis livet under innspelinga var. Både denne og The Shining blei spelt inn for 40 år sidan.
Dette er eit godt eksempel på korleis ein bak kulissene-film bør vere. Slik dokumentarar er av og til ganske så uinteressante viss dei gjer ting som å intervjue den assisterande lydmannen om spesifikke lydforhold. Men Making 'The Shining' er ikkje slik. Det handlar om dei sentrale deltakarane i filminga.
Det er ikkje mange innslag som ikkje har med regissøren Stanley Kubrick , hovudrolleinnehavaren Jack Nicholson eller Shelley Duvall.
Regissøren til dokumentaren er Vivian Kubrick. Ho er dottera til Stanley Kubrick, og har også spelt små rollar i filmane hans. Kanskje det at ho er regissør er grunnen til at me kjem tett på filmen og skodespelarane.
Eg likte denne dokumentaren. Han er fin å sjå viss du likte The Shining.
På Verdoux (verdoux.wordpress.com) blir dokumentaren rosa for å vise sjølve arbeidet, med slit, usemje og småprat mellom opptaka. Skribenten set pris på at dette gir verkeleg innsyn framfor berre rosande intervju. Det passar med kvifor eg likar å kome tett på dei sentrale deltakarane. Vivian Kubrick får fram meir enn forklaringar om korleis enkeltscener blei laga. Me får sjå menneska som må få filmen til å fungere, også når arbeidet ikkje går heilt glatt.
